Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein opplevelse å oppleve sjøisen

Elinor Bolme Laurdag 9. februar 2019

Mange tok turen til ein islagt Todalsfjord i mildvêret i dag. Her var både små og store ute i godveret for å oppleve det litt magiske å ferdas midtfjords på vinters tid. Dei aller fleste hadde med seg fiskeutstyr og prøvde lykka under isen. Og fleire meldte om fangst, men den kom tidleg på dagen. Fleire trudde at flo og fjøre spela inn på dette. Isen er no mellom 15 og 20 cm tjukk, og trygg å ferdast på, heilt fram til Nordvik. 

Nokon hadde til og med teke turen frå Trøndelag for å teste kunsløpskøytene i nabofylket. Blant delegasjonen frå Rindal var jentene i Rindal piruettforening. Dei måtte innrømme at det var aller første gong dei var på såpass stor skøytebane, da dei stort sett var vant til ulike små fjellvatn og Tjønna da, så klart. Ellers hadde dei med seg kjentmenn i både Ivar Helge Kvendset og Elmer Talgø. Elmer prøvde fiskelykka, og var nok den som fekk den aller største fisken i dag. Sjå filmen.

Rindal piruettforening: frå venstre Ingrid Røen, Ingrid Glåmen, Siv Bakken, Ragna Nordvik, Britt Grete Moen og Kirsti Solem. Rune Røen i orange attom.

Jan Ingemarsson (lengst bak) Håvar Karlstad, Gøril Solheim og Håkon Karlstad hadde teke turen fra Surnadal for å prøve fiskelykka.

Medan Hildegunn Kvendset og Ole Ivar Andersen berre cruisa rundt på spark. -Dette er ein verkeleg opplevelse å få med seg meinte dei to som var på helgatur i Todalen. 

Under er enda fleire bilder frå eit yrande liv på sjøisen i dag. Og ein svipptur til Nordvik. Alle foto ElinorB

 

Publisert: 9. februar 2019, 19:56