Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein æra er forbi…

Ein æra er forbi…

Jon Olav Ørsal Fredag 9. april 2010

Torsdag var det slutt for Todalen saualslag. Etter 63 år var det ikkje lenger behov for ein slik organisasjon som har ivareteke interessane til saueigarane. Laget vart stifta i 1947, og da var det nok mange som hadde behov for både skaffe seg kompetanse og hjelp til avlsarbeidet.

I midten av 50-talet var det heile 77 medlemar på det meste, og da var også medlemane frå Nordvikstranda komne med.  På det meste hadde medlemane i Todalen saualslag rundt 2500 sauer og lam totalt, medan det i dag er ca 650 dyr som sleppes på fjellbeite.

Det er nok fleire årsaker til at både medlemstalet og sauetalet er gått dramatisk nedover. Tidlegare var det mange hobbybrykarar som hadde nokre få sauer som er så godt som borte. Dei seinare åra har også rovdyrproblematikken gjort at mange større bruk har slutta opp med sauehaldet.

Det er veldig synd at det går slik, for vi treng mange beitedyr dersom bygdene ikkje skal gro igjen. Vi vil nok etterkvart få sjå at også fjellbeitene vil gro igjen. Her vil vi nok få ein dobbel effekt, ettersom det både blir færre beitedyr samtidig som klimaendringane vil sette fart på gjengroing ovafor tregrensa.

På siste årsmøtet i Todalen sauealslag som var i Viastua var det 6 medlemar til stades. Dei som sit rundt bordet frå venstre er: Gudmund Kvendset, Sidsel Ramsøy, Kåre Øyen, Torbjørn Mikkelsen, Ola Bruset og Olmod Nordvik.

Først publisert: 9. april 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 8. april 2010, 22:36