Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Effektiv tømmerhogst i Øyalia

Effektiv tømmerhogst i Øyalia

Jon Olav Ørsal Fredag 21. mai 2010

I Øyalia er det stordrift med granhogging denne veka. Det er Solli Skog frå Surnadal som har «gått laus» på eit av granfelta til Ståle Ansnes oppi Øyalia. Til saman skal det hoggast rundt 1000 kubikk gran, og det går fort unna med ei stor hogstmaskin og to lastbærarar. Martin Solli hos Solli Skog fortel at dei hogg 150-200 kubikk pr dag og da er dette prosjektet jobb for ei stor veke.

Det var imponerande å sjå maskinene i arbeid, for med slikt utstyr tek det 15-20 sekunder å sage ned ei gran, for så å kviste og kappe den i høvelege lengder. Martin fortel at i datautstyret i hogstmaskina ligg prislista for tømmer, og dataprorammet hjelper da til med å kappe og sortere tømmeret på ein optimal måte. Vidare vart tømmerstokkane merka med farge for å markere kvalitet. Grøn farge for slip og rød og blå på forskjellige kvalitetar på skurtømmer.

Solli fortel vidare at firmaet har samarbeidsavtale med Allskog (skogeigarlaget) og at dei driv i alle kommunane på Indre Nordmøre. Når dei hogg gran, så går skurtømmeret til Kjellstad Bruk i Selbu, medan slipkvaliteten går til papirproduksjon på Norske Skog i Skogn.

Solli Skog har 4 ansatte i dag. Det er Bjørn Kåre Solli, Martin Solli, Per Ansgar Engset og Roar Solli som kjører hogstmaskina og dei to lastbærarane som delvis går på to skift. Dei har investert nærare 10 mill. i utstyr, der berre hogstmaskina kosta 4,5 mill. Dei har ei årsomsetning på 4-5 millionar og driv fram ca 30.000 kubikk i løpet av eit år.

Ståle Ansnes, som er skogeigar, er imponert over tømmerdrifta og spesielt kor godt lastbærarane tek seg fra. På denne årstide blir det nok ein del skade på skogsvegane, men det blir ordna oppatt etterpå. Ståle sier at det lønner seg å leie hogstmaskin framfor å investere i utstyr og hogge og kjøre fram sjølv. Over 90 prosent av skogsdrifta foregår på denne måten i dag, seier han.

Nedanfor ligg eit bildegalleri frå skogsdrifta i Øyalia.   Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. mai 2010, 23:00