Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bolighus lagt ut for sal i Flathauan bustadfelt

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. april 2016

På Finn.no er ein av bustadane i Flathauan bustadfelt lagt ut for sal. Det gjeld Holbrekkå 7 som ligg lengst mot sør i den nederste rekkja av bustader. Bustaden vart bygd i 1997 og har eit bruttoareal på 191 m6 og ligg på sjølveigartomt på 1058 m2 – prisantudinga er kr 1.190.000.

Holbrekkå7_side

Holbrekkå 7 foto frå FINN.NO

I presentasjonen få Finn.no står det i omtalen: «Lys og moderne enebolig med usjenert beliggenhet i Todalen. Flott utsikt over Todalen, fjord og fjell. Boligen består av tre etasjer og inneholder blant annet ganger, toalett, stue med utgang til veranda, kjøkken, fire soverom, loftstue, bad, vaskerom og tre boder.  Umiddelbar nærhet til flotte turområder sommer som vinter. Kort vei til butikk, kirke, skole og barnehage. Todalen ligger ca. 25 minutters kjøretur fra Surnadal sentrum.»

I annonsen på FINN.NO finn du fleire opplysningar om bustaden

Holbrekkå7_utsikt

Holbrekkå 7 har utsikt mot bygda og fjorden. Foto frå FINN.NO

Publisert: 14. april 2016, 09:00