Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets Todalsdag blir laurdag 29. juni, men det skjer også mykje anna

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. januar 2024

«Årshjulet» til Todalen Idrettslag viser at at det er mykje som skjer framover, og i tillegg til det som allereie er datofesta, så blir det heilt sikkert «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra og lagseriestemne på Bordholmen. Årets Todalsdag blir laurdag 29. juni, der det blir både fotballturnering og «Ræta opp!». 

«Pop-up» bruktmarked:

Laurdag 17. februar blir det «Pop-up» bruktmarked i ungdomshuset frå klokka 12:00 – 15:00. Her kan den som vil leige seg bord og selje ting dei ikkje lenger treng, leige bord til 100,- kroner. Det blir sal av graut med bakels, kaffe og brus. Den som vil leige bord for sal, må melde frå om dette til Elinor Bolme innan onsdag 14. februar. 

Årsmøte 2024: 

Todalen idrettslag gjennomfører sitt årsmøte 2024 torsdag 7. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. 

Gunnøydilten: 

Gunnøydilten i Toåa tursti blir arrangert torsdag 28. mars (skjærtorsdag) frå klokka 12:00 – 15:00. Lotteri og kaffe. 

Kjerringdilten:

Kjerringdilten på skihytta blir i år arrangert fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00. Det blir sal av pølser med brød, kaffe og saft. 

17-maifrokost:

17-maifrokosten blir også i år i Todalen ungdomshus rett etter biltoget. Her serverer idrettslaget frokost med påfølgande kaffe, kaker og tale for dagen. 

Todalsdagen 2024:

Todalsdagen 2024 blir arrangert 29. juni på Bordholmen stadion. Her blir det Todalscup i fotball, «Ræta opp!, stort sommarlotteri, sal av grillmat og open kiosk.

Haustlotteri:

I perioden laurdag 12. oktober – laurdag 26. oktober gjennomfører idrettslaget digitalt haustlotteri. Trekninga blir søndag 27. oktober. 

Adventskalender: 

Idrettslaget gjenntek suksessen med sal av adventskalendarar. Salet av kalendarar vil foregå i siste halvdel av november. 

Meir informasjon om dei forskjellege arrangementa og aktivitetane vil bli lagt ut på todalen.no når datoane nærmar seg. Her vil det også kome meir informasjon om arrangement og aktivitetar som ikkje er datofesta i «årshjulet» til idrettslaget, som til dømes «Barn i løypa» og lagseriestemne!

 

Publisert: 16. januar 2024, 07:35