Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Anders fikk «blinkskot» på gaupa

Jon Olav Ørsal Sundag 21. september 2014

Anders Gjeldnes fikk denne veka eit blinkskot på sitt viltkamera. Han har nemleg eit viltkamera ståande ein plass opp lia ovafor Hjellnes, som følger med kva som rører seg på stien som går rett forbi.  Kameraet har no stått ute sia august, og det har fange inn både hjort og elg i tillegg til gaupa som vart fangsten denne veka. Men moskusen derimot, har så langt ikkje lagt ruta om kameraet til Anders.

Anders starta med utplassering av viltkamera i fjorårssesongen. Da bodde han på Ringebu, og fikk bileta sendt frå Hjellneslia via telefonnettet – enten som MMS eller som e-post. Det opplegget har han framleis, men no som familien har flytta til Todalen så blir det enklare med oppfølgjing av kameraet og uthenting av høgoppløyste bilde frå minnekortet. Seinare utpå sesongen vurderer Anders å flytte kameraet på andre plassar i Hjellneslia, mellom anna kan det være aktuelt å sette det opp på ein åteplass for å freiste jerven litt. Eitt av problema med viltkameraet er at mange dyr er mest aktive om natta, og da blir det svart/kvitt-bilde med IR-blits og dermed litt dårlegare kvaitet på bileta, seier Anders.

At det er gaupe i området er ikkje noko nytt. Ola Halle fikk fleire gode gaupebilder da han låg på storfuglleik i området for eit par år sia, og som vi har vist her på Todalen.no tidlegare.

Elles er det fleire som har viltkamera ute i Todalen, og vi setter pris på at folk sender oss bilder som blir fanga inn – det kan være både store og små dyr som løyser ut viltkameraet og blir knipsa bilete av. Send oss gjerne bilete og nokre ord til redaksjonen.

 

Publisert: 21. september 2014, 10:37