Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skuletur til Bollknobben

Elinor Bolme Tirsdag 21. mars 2017

Frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv presenterer vi i dag eit bilete frå ein skuletur til Bollknobben frå ca tidleg -50 tal. Ein hyggeleg tur, etter oppstillinga å sjå til.

Oppstillinga er som følger f.v.: Einy Rendal, Marit Talgø, Liv Søyset, Randi Halset, Greta Bodil Gjestad, Olina Bakken (lærar), Brynhild Rendal, Marit Husby, Kjell Øyen, Svein Halle, Steinar Brusethaug, Asbjørn Wulvik, Per Reiten og Eivind Grønmyr. Fotograf var Ola N. Kvendset.

Vi skal forsøke oss på eit gamalt arkivbilete ein gong i veka, så her kan det bli artige tilbakeblikk å få sjå.

Todalen historielag har forøvrig årsmøte førstkommande torsdag med ordinære årsmøtesakr og framsyning av nyscanna bilder dei har fått tak i. Sjå saka «Årsmøte i Todalen historielag».

Publisert: 21. mars 2017, 19:47