Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17 søndagsturen går til bøkeskogen i Stangvika

Elinor Bolme Laurdag 9. mai 2015

Søndag 10. mai er det klart for nok ein ny søndagstur. Denne gongen er det bøkeskolen i Stangvik som er turmålet, og Stangvik historielag er vert og arrangør. Oppmøte er ved enden av asfaltert veg ved Vang skisenter kl. 12.00. Turen er mellom 3 og 4 km ein veg, og ein kan vel rekne med å bruke ca 1 time, kanskje litt lengre tid «heimatt», da det her stort sett er slak motbakke.

Turbeskrivelse:

Turen går utover «Gammelvegen» frå Vang, og følger denne mot Stangvik til ein kjem til eit vegkryss (med info.-tavle og benk). Her tek ein til høgre (skilta til «Bøkeskogen»), følger skogsveg til ein kjem til skogsbilvegen som går opp til Prestsetra. Krysset her er ikkje skilta, men ein tek vegen nedover (til venstre), og følger denne til ein kjem til eit nytt kryss (lundingsplass), her er det og skilta mot «Bøkeskogen» («Grantrøinn»). Følger så grusveg til nytt skilt, som viser veg til høgre, og er da straks framme ved målet. Her tek vi ein pause før vi går heim igjen.

Tilbaketuren kan ein ta etter same traseen, eller ein kan gå om Lerbrua og innatt Gammelvegen, om «Kålmila» – det er mange mulegheiter i området, men her bør ein vel vera litt lokalkjent, det er ikkje skilting som viser vegen tilbake til Vang anna enn frå Lerbrua. Turen går etter grus-/gras-veg, og ein kan godt gå i joggesko.

Eit alternativ til å nå målet (for eks om du har med barnevogn, eller tykkjer det er langt å gå frå Vang) kan vera å kjøre bil til Stangvika, og enten parkere ved Bondehuset, eller kjøre opp «Leirbruvegen». Det er asfaltveg opp til «Lerbrua»,  herifrå er det grusveg. Skilting viser kvar ein kan kjøre. (Parkering ved lundingsplassen, eller ved «Vasshuset» (litt forbi siste skiltet som viser veg til «Bøkeskogen»))

Aktiviteter:
Stangvik historielag vil fyre opp på bålpanna og koke kaffe, det kan og bli høve til grilling. Evnt grillmat eller anna niste, må turdeltakarane ha med seg sjølve.

Veibeskrivelse:
Kjem ein frå Surnadal (RV670), kjører ein til ein kjem inn i 70-sona ved Kvanne. Sving til høgre opp «Røvegen» og parkerer ved skisenteret på Vang (ved enden av asfalt-vegen). «Vang skisenter» er skilta frå riksvegen.

 

Parkering ved skianlegget til Il Søya. Parkering er ikkje skilta, men arrangørane vil vise deg kvar du kan parkere.

Arrangørane stiller med kjentmann.

Publisert: 9. mai 2015, 07:23