Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

14. april er første sommardagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. april 2020

Etter gammel kalender er 14. april den første sommardagen.  Det er ikkje akkurat det intrykket ein får når ein kikar ut, men alt har sin overgang – frå laurdag og så langt vi ser ut i neste veke er det full vår på gang med stor og rundt sol på langtidsvarselet på yr.no.  Og finvêret som kjem no etterkvart det treng vi, slik at vi kjem oss ut.

På wikipedia er den første sommardagen omtala slik: 

Den gongen vi bruka primstav som kalender, vart 14. april rekna som første sommardag eller første dag i sommarhalvåret. 14. april er og kalla lundkommardag på Helgeland. – Dette fordi Lundefuglane kjem att til øya Lovund kvart år på denne dagen. 14. april var flyttedag om våren, ei ordning som vart praktisert fram til første verdskrig. Det var også en tilsvarande flyttedag om hausten (14. oktober). Utanom disse dagane var det ikkje lov for tenestefolk å flytte eller skaffe seg nytt arbeid. – Det var også vanleg å avtale siste frist for utflytting frå eller første moglegheit for innflytting i bustader på disse dagane, enten ved eigarskifte eller ved utleie.

 

Publisert: 14. april 2020, 08:35