Måndag kveld er det moglegheiter for å kunne prøve zumba også her i Todalen. Ein gjeng trimlystne damer har vore i kontakt med Thatianny for å laga eit lite innføringskurs for interesserte. Og Thatianny sa seg villig til å lære bort denne no utruleg populære trimforma.
Dette er dansing til latinamerikanske rytmar, og kjem heilt sikker til å bli både underhaldande og effektivt for småslappe musklar.
Trimmen er open for alle interesserte frå 15- årsalderen.
Usikker? Sjå hit og bli inspirert.