Onsdag 2. november startar Surnadal Velværesenter på Skei opp med Zumba for born og ungdom. Kl 17 er det opplegg for born i alderen 7-12 år og etterpå kl 19.00 er det klart for ungdom i alderen 13-16 år. Kurset går over 7 kveldar og kostar kr 350,-. Påmelding til Surnadal Velværesenter på e-post: velvaere@svorka.net eller tlf. 93067072. Først til mølla…! Her kan du laste ned plakaten.
Kva er Zumba?
I Wikipedia står det: «Målet for alle Zumba-treningsøkter er å røra seg raskt og ha det morosamt. Deltakarane vert oppfordra til å ristea på hoftene, sleppe seg laus i dei latinske rytmane, og late som om dei er på fest. Alle kan delta på Zumba, og ein stiller ingen krav til form. Programmet inneber latinske rytmar med enkle dansetrinn, som omfattar intervall og motstandstrening. Dansetrinna er lånt av marengs, samba, salsa, reggaeton, cumbia og flamenco. Zumba er også vorte populært i Noreg og vert tilbydd på mange treningssenter.»