Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ytre Kunstfagskole på verkstadsbesøk i Todalen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. oktober 2025

I førre veke hadde Todalen besøk frå Ytre Kunstfagskole. Då dei i fjor var på eit dagsbesøk, vart opphaldet denne gongen eit meir fordjupande møte med staden. Besøket starta i Molde, der studentane fekk omvisning i utstillinga Doggerland av Siri Skjerve og Toril Redalen ved Møre og Romsdal Kunstsenter. Omvisninga var òg eit ope publikumsarrangement og danna eit naturleg utgangspunkt for vidare arbeid i Todalen.

Tekst av Toril Redalen

Frå omvising i utstillinga Doggerland ved Møre og Romsdal. Foto: Erik Birkeland/TINGH, Mære og Romsdal Kunstsenter.

Toril held foredag i løa i Æstigarn. Foto: Trine Røssvold.

Studentane arbeidde deretter på verkstaden til Siri og Toril over fleire dagar, der dei fekk utforske materiala hud og leire – og korleis eit møte med staden sjølv kan bli både utgangspunkt og materiale for kunst. Det handla om kunsthandverk, og om kva som for eksempel kan skilje omgrepa materiale og materialitet. I artikkelen ser vi nokre av studentane sine eigne bilete frå dagane i Todalen.

Gjennom opphaldet fekk studentane erfare korleis eit kunstnarskap kan springe ut frå ein stad, og korleis ei bygd som Todalen kan vere både arbeidsplass og prosjektrom. Det nye samarbeidet med Ytre er også ein del av Jordsmonn-prosjektet til dei to kunstnarane, som undersøker det å bruke «heile bygda» som del av den kunstnariske prosessen. Både samarbeidet med Ytre Kunstfagskole og kulturhuset Skulstuå i Todalen er planlagt som ein viktig og varig del av dette arbeidet.

Øvinga. Dagen utan leire. (T. Redalen , 2023). Foto: Anya Helgesen.

Ytre Kunstfagskule ønskjer å utdanne kunstnarar som vågar å stille perspektiv spørsmål ved eigne perspektiv, og som kan kaste nytt lys over omgjevnadene dei er ein del av. Foto: Trine Røssevold.

Jordsmonn var i fjor eitt av få prosjekt som fekk Co-Work-midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune si nye satsing på kultur og samarbeid. Prosjektet ser på korleis kunst kan forankrast i landskap, handverk og kvardagsliv – og korleis bygda sjølv kan vere ei aktiv ramme for skapande arbeid. Skolen, med base i Ålesund, har som samfunnsoppdrag å utdanne kunstnarar som tek utgangspunkt i det rurale og det nære – i møtet mellom natur, arbeid og lokalsamfunn. Ytre har knytt til seg ulike satellittar på Nordvestlandet, og Todalen og dei to kunsthandverkarane som har verkstad i bygda, er no ein av desse – eit stad der studentane får utforske korleis kunstnarskap kan vekse fram i samspel med stad, tradisjon og folk.

Øvinga FORM/FORVENTNING, Toril sin verkstad. Foto: Anya Helgesen.

Øvinga FORM/FORVENTNING. Verkstaden til Toril. Foto: Trine Røssevold.

Ved Ytre Kunstfagskole står feltarbeid sentralt. Studentane oppsøkjer ulike stader og miljø, der dei undersøker erfaringar, historier og samtidige uttrykk – alltid med utgangspunkt i sitt eige blikk. Gjennom slike møte veks nye kunstnarskap fram, og ny kunst tek form.

Ytre er ein kunstskole med utsikt frå utkanten, og har eit særleg fokus på det rurale perspektivet – på kva som skjer når kunsten får gro ut av landskap, arbeid og kvardagsliv. Skolen har base i Ålesund, men samarbeider med kunstfaglege miljø over heile Nordvestlandet. Målet er å gi studentane eit solid grunnlag i visuelle kunstfag, og å støtte dei i å utvikle ei kjensle for stad og samanheng.

For Ytre handlar kunstutdanning om å sjå, men òg om å utfordre det ein ser – både i seg sjølv og i samfunnet. Skolen ønskjer å utdanne kunstnarar som vågar å stille spørsmål ved eigne perspektiv, og som kan kaste nytt lys på dei omgjevnadene dei er ein del av.

Med heile Todalen som verkstad og prosjektrom inkluderte opphaldet til studentane kvardagserfaringar som hausting av tomatar i drivhus og kurs i Todalspols – erfaringar som knytte kropp, rytme, årstid og materiale.

Seng, middag og frukost i Skortinj. Foto: Rannveig Osnes.

Ein av kveldane inviterte Skulstuå til filmvisning av Å seile sin egen sjø (2002) av Øyvind Sandberg – ei varm og humoristisk skildring av menneske som lever sjølvstendige liv langs kysten. Filmen, som handlar om å finne eigne vegar i møte med både natur og samfunn, spegla tematikken i besøket: korleis fridom, handverk og livsform kan vere tett vevd saman.

Ragna Kvendset fortalde òg om historia til Skulstuå – ein sentral stad i bygda der familien Halse tidleg tok eigne og utradisjonelle val innan arbeidet med kunst og kultur. I dag er Skulstuå eit viktig samarbeid for Jordsmonn-prosjektet og eit raust rom der engasjement, handverk og samtidskunst møtest. Siri Skjerve og Toril Redalen trekkjer fram Skulstuå som eit rom der materiale, erfaring og forteljingar får virke saman på tvers av generasjonar. For dei er samarbeidet med Skulstuå eit døme på korleis kunsthandverket kan forankrast i lokale praksisar, og samstundes opne mot nye fortolkningar og uttrykk.

Studentane sydde ein fingerbøl i garva lær og siste øving for dagen var å bløyte opp og forme råhud av hjort. Foto: Anya Helgesen.

En viktig del av todalskulturen er maten. Matkultur som i betydninga skikkele god mat og måltidet som samlingspunkt og ja…somme tider; ei innbaka kjærleikserklæring. Før avreise vart studentane inviterte til lunsj på Myrmo, der Line Kvendset serverte sin legendariske lasagne. Rundt bordet sat òg naboane Jean Kvendset og Synnøve Hole Talgø – sistnemnde godt kjend i Ålesund – og praten gjekk livleg om kunst, bygda og alt som bind dei saman.

Ein av studentane frå Finnmark konkluderte under måltidet: «Det her er heilt Kautokeino!» – og betre skryt kan ein knapt få. Når Todalen får folk til å kjenne seg heime, over 115 mil unna, då har noko verkeleg verdifullt vakse fram.

Fleire bilete: 

Verkstaden til Siri er tilpassa arbeidet med lokale skinn, og på dag to fekk studentane ei innføring i materialet og ulike måtar å bearbeid skinn på. Foto: Rannvieg Osnes.

Foto: Rannveig Osnes.

Line Kvendset inviterte studentane, rektor og lærara heim til Myrmo på lunsj før avreise til Ålesund. Mat grip inn i alle delar av livet og er noko alle menneske må forhalde seg til. Ho er meir enn næring -eit møte som formar både kultur og fellesskap, fortel dei to kunstnarane. Foto: Line Kvendset.

Publisert: 23. oktober 2025, 13:52