Skøyteisen på Bordholmen var frå tidleg på formiddagen til seint på ettermiddagen invadert av ivrige unge og vaksne på skøyter i dag. Mange var nok litt gjeralause sida straumen var utkobla, og rolege inneaktiviteter var utilgjengelige.
Frå klokka 14 hadde Knut Bergli annonsert enkel ishockeytrening med spisskompetanse frå Braat IL og Janis Balandis. Da vart isen enda fullare av ivrige ungar og deira følge.
Janis bur i Surnadal men er opprinneleg frå Latvia, og har lang erfaring frå både ishockey og landhockey. Noko som har resultert i at han no er i Kristiansund to kveldar i veka for å trene vaksne nybegynnarar i Braatt Hockey.
Og dette enkle tiltaket samla utruleg mykje folk på Bordholmen. Både med og utan skøyter.
Etter at Janis hadde vist fram nokre enkle øvelsar på isen vart det naturleg vis kamp til slutt. Og kven veit; kanskje blir det fleire ishockeytreningar om isen held seg framover?
Under er eit lite bildegalleri frå ein aktiv dag på isen. Alle foto ElinorB