Dalahaugen Open samla i dag godt over 20 ungar og tlisvarande vaksne rundt Dalahaugen på Kårvatn under Norgescuprennet i randoeé. Arrangørane i Todalen IL seier seg storfornøgd med arrangementet og håpar også dei frammøtte kosa seg i anlegget som var tilrettelagt for minirando, hopping, kulerenning og slalom.
Dugnadsgjengen var litt spent på at hoppane kanskje var litt i hardaste laget, men sola dukka opp midt på dagen og gjorde at det vart bra forhold, også å falle i.
Under er eit rikhaldig bildearkiv frå ivrige og dyktige deltakarar. Alle foto Elinor Bolme
…og her kjem enda fleire bilder frå Dalahaugen open – foto Jon Olav Ørsal