Det meldes om brukbar temperatur også i vatnet for tida. I Båthølen er det no ypperlege badeforhold for både store og små ved den fine sandstranda.
Ein benk er også kommet på plass, slik at det går an å setje seg ned med både kaffe og ei bok ved elvakanten, om ein ikkje tek sjansen på å hoppe uti det «varme» vatnet.