Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

YFF ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Torsdag 10. november 2016

Sindre Fiske og Robin Tørset Brøske starta i haust på Surnadal vidaregåande skule på Vg 1. Båe to har valt utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag. Både Sindre og Robin trivest godt som elevar ved Svgs. «No har vi fått velje utdanningsprogram sjølve, og det skaper både interesse og motivasjon for faga og skulearbeidet», fortel dei.

Yrkesfagleg fordjuping, YFF, er ein del av studieprogrammet første året. «Yrkesfaglig fordypning skal gjøre det mulig å veksle mellom læringsarenaer og gi elevene mulighet til å oppleve realistiske arbeidssituasjoner i læringsarbeidet», står det i plana. Så Robin og Sindre kan fortelje at dei har vore innom ulike arbeidsplassar i løpet av hausten, mellom anna på tur med barnehageungar, vore på skulebesøk, songstund på Sommerotunet, hjelpt til med torsdagsdans på sjukeheimen og lagt til rette for aktivitetar for eldre.

img_7877

Sindre kosa seg i lag med ungane i banehagen. Foto: Dordi J H

Dei siste tre torsdagane har dei hatt praksis ved Todalen oppvekstsenter, Sindre i barnehagen og Robin i skulen. Sindre fortel at han har interessante og lærerike dagar i barnehagen. «Det var lett å kome i kontakt med ungane, det gjekk lettare og raskare enn eg hadde forventa», kan han fortelje, han hadde lite erfaring med småungar før han kom hit. Og ungane set tydeleg pris på at han er med dei i leiken. Han følgjer dagsrytmen i barnehagen og deltek i alle aktivitetane. «Men bleieskift har eg halde meg unna så langt», seier han. Dei tilsette i barnehagen synest det er spesielt kjekt å få ein ung mann i praksis i barnehagen, og i tillegg er han dyktig, fortel dei. Sindre er klar på at han vil arbeide med barn og unge framover, enten i skule eller barnehage. Etter jul blir det praksis i skule.

img_0274

Robin i lag med ivrige med fotballspelarar. Det var full fart i ballbingen i friminuttet, berre så vidt dei hadde tid til ein kort pause for bilete. Foto: Dordi J H

Robin har praksis i skulen og SFO, og han har følgd arbeidet med elvane frå 1. – 4. trinn. Det synest han har vore både kjekt og lærerikt . «Ungane er opne og positive, og det var overraskande lett å kome i kontakt med dei», fortel han. Han likar best timane i norsk med lesetrening. Forresten  så hadde han denne torsdagen starta dagen med svømming for trinn 1 – 4, det var kjempegøytt!  Ute i friminutta er han populær, spesielt i ballbingen. Robin er klar på at han vil bli barne- og ungdomsarbeidar. «Praksisen her har bekrefta at det er barn og unge eg vil arbeide med framover», seier han. Og rektor Britt støttar han i valget, han er riktig så dyktig med elevane. Etter jul har Robin tenkt å søke seg praksis i barnehagen i Todalen. Han trivest godt i Todalen, men så har han da besteforeldre i bygda.

Både Robin og Sindre er reflekterte ungdommar med klare mål, og det er flott at dei vil arbeide innafor oppvekstsektoren i framtida – det er viktig med rekruttering av menn til omsorgsyrke.

 

Publisert: 10. november 2016, 18:17