Onsdag var vel 500 ungdommar i Surnadal samla i Storstua på Kulturhuset for å høyre helsesøster Tale Maria Krohn Engvik eller meir kjent som «Helsesista» blandt ungdommen. For 4. året på rad inviterte sanitetsforeningane i Surnadal elevane ved Surnadal ungdomsskule til eit meiningsfylt foredrag som berører ungdommane sine kvardagar. Litt ekstra stas for arrangørane var det i tillegg, sidan ho hadde fått prisen «Årets Ladejarl» av Reitangruppa på 2 millionar dagen før.
-Dette har vore eit veldig spennande prosjekt seier ansvarleg Maren Ansnes i Todalen sanitetsforening. Vi bestemte fort at dette måtte BÅDE ungdomsskulen og vidaregåande skulen få ta del i. I tillegg fekk vi henvendelse frå Halsa om ikkje dei fekk komme også. Det resulterte i to foredrag av Norges mest kjente og ikkje minst frittalande helsesøster her i lille Surnadal. Men utan utrulege gode støttespalarar i næringslivet i Surnadal så hadde ikkje dette gått altså! Prisen er høg for slike profilerte foredragshaldarar, men når ein får så mykje godord og fantastiske tilbakemeldingar i etterkant så er vel verd anvendte pengar.
Men Maren, har du fått med deg at Todalen sanitetsforening er nominert til AMFI Surnadal sin «Amfeila og Oskar-pris» på 5000 kroner?, spør vi nårvi først har ho på tråden i dag. -Nei..kva i all verden er det du seier? Jau da, Todalen sanitetsforening er ei av fem nominerte foreningar/lag som er vorte uttrekt til å bli med i kampen om ein pris på heile 5000 kroner som alle AMFI sentra no deler ut.
I lag med Todalen sanitetsforening er Surnadal Røde kors, Natteravnane i Surnadal, Surnadal skulekorps og Surnadal Husflidslag – Barnas arbeidsstue nominerte.
For å gi di stemme til ein av dei nominerte kan du gå hit: Amfelia og Oskar-prisen.
Du kan avgi kun ei stemme per einheit (telefon/pc/pad) per døgn, til og med fredag 21. september. Vi reknar med at medlemmane mobiliserer også her…
Vi anbefaler også Trollheimsporten sin reportasje frå arrangementet i Kulturhuset:Feiret «Årets ladejarl»-prisen med surnadalsbesøk