Surnadal kommune oppfordrar alle i nærleiken av kommunehuset om å sette av 10 minutt av (arbeids)tida si og komme til sørvistorget kl. 11 førstkomande fredag 10.10. Dei vil da, i likheit med mange alle andre kommunar i Møre og Romsdal, arrangere Water Friday. Dette for å markere at dei støttar opp om årets TV-aksjon. I år er TV-aksjonen tildelt Kirkens Nødhjelp under namnet «Vann forandrer alt» – framføring av reint vatn til over ein million menneskje.
Det blir ein appell av ordførar Lilly Gunn Nyheim, kort filmframsyning og sal av drikkeflasker (kr 30,-), som går til inntekt for TV-aksjonen.
Sjølve innsamlingsaksjonen er søndag 19. oktober, og engasjerer mange frivillige til å bidra til å gå rundt om i kommunen vår, og landet elles. Les meir om TV-aksjonen «Vann forandrer alt»