Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VOX og Surnadal hornmusikk med ny konsert i kveld

Elinor Bolme Torsdag 9. mars 2017

Surnadal hornmusikk og koret VOX m/band inviterer i kveld til første oppsetning av Film- og musikalaften på Surnadal kulturhus. Etter eit godt førehandssalg av billettar er det i tillegg til kveldens og morgondagens forestilling sett opp ei ekstraforestilling laurdag 11. mars også. 

Fleire sjansar

– Det er ikkje så mange billettane att til premiera og fredagsforestillinga. Vi har dessuten fått tilbakemeldinger om at klokkeslettet torsdag og fredag er litt tidlig og at mange derfor har utfordringer med å komme seg til kulturhuset i tide, skriv VOX i ei pressemelding. Derfor vart det åpna opp for ei ekstraforestilling laurdag 11. mars klokka 19.00.

Historikk

I mars 2014 fylte dei kulturhuset til to forrykande forestillingar med Vårens filmhit-aften. No dreg dei samme aktørene i gang det som skal bli ein minst like imponerande oppsetning når band, kor og korps inviterer til Film- og musikalaften.

Som navnet antyder; det blir massevis av storslagne songar og musikk som publikum kjenner frå filmar og musikaler. Aktørane har allerede øvd lenge på dei til sammen over tjue innslaga som presenteres i Storstuå i helga. Einar Sødergren leier hornmusikken, medan Rolf Arne Berg dirigerer koret VOX.

 

 

 

Først publisert: 9. mars 2017, 06:03 - Sist oppdatert: 8. mars 2017, 23:19