I dagens vertikal i VM i randonee i Boí Taüll gjorde Erik Kårvatn eit nytt sterkt løp, og hamna på 9.-plass – 1:18.8 etter bestetida for U20 men. Vertikal er «førstemann til toppen», og er ei øving som Erik likar godt. I den bitande kulda i den spanske fjellheimen var det berre å gi gass oppover mot toppen. Først i mål var Oriol Olm Rouppert frå Andorra, med sveitseren Loic Dubois på andreplass og Julian Tritscer frå Østerrike.

Bitande kaldt i den spanske fjellheimen – løparane fikk utdelt redningsfolie for sikkerheita. Foto G. Kårvatn
No er det to øvingar som står att for Erik – individuell på laurdag og mix-stafett på søndag. No blir det nok godt å samle krefter eit par dagar til laurdagens individuell.