Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VM i Morgins: – Pallplass på Aron og Isak

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2025

I dag var det Aron og Isak som hadde den store dagen – saman med Hampus Tronvoll vart dei kvalifiserte til både kvartfinal, semifinale og til slutt til finalen i dagen sprint i randonee-VM i Morgins i Sveits.  Heilt unikt at 3 norske juniorar greier å kvalifisere seg til finalen i eit slikt mesterskap med 33 i U18-klassen.  Spenningen var derfor stor når 3 av dei 6 i finalen var norske.

Aron går i mål til sølv – foto Odd Helge Haugen

Spanjolen Gil Rocias Sacrest var det ingen som kunne gjera noko med, og han gjekk i mål på beste tid i finalen 03:04,0, men han hadde Aron og Isak hakk i hel, 4,0 og 9,3 sekund etter i mål. Dermed vart det sølv og bronse til dei to frå Trollheimen fjellsportklubb.  Hampus Tronvoll hamna på 6.-plass med tida 3:57,8 med 53,8 sekund etter vinnaren.  i tillegg var det ein Østerriker og ein frå Tsjekkia i mellom.  

I dagens konkurranse i sprint var det totalt 12 deltakarar frå dei norske landslaga. 7 av dei klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen. Ida Waldal kom med vidare til semifinalen, med fall frå der. I herreklassen kom Hans Inge Klette og Tryd dalset lødøen med vidare , der Klette kom til semifinalen før han datt ut.  Sander Engdahl og Erik Kårvatn kom ikkje med til kvartfinalen på henholdsvis 40. og 49.-plass.  Ingrid Klokset og Mads Gjethammer kom heller ikkje lenger enn til kvartfinalen før det var stopp. 

 

Publisert: 6. mars 2025, 17:25