Nokre regnbyger innimellom spreidde solgløtt skremte ikkje folk bort frå triveleg grillparty utafor butikken på Matkroken Todalen. Coop er ein av dei store sponsorane for VM i Oberstdoft, og dette markerer Coop i sine butikkar no i VM-veka. Og Matkroken som er Coop-butikk i Todalen er ikkje noko unntak.

Tente på grillen utafor butikken – først ute var Anders Mo, Anders Halset, Knut Halset og Terje Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal
Vi tykte mesta vi haørte VM-jubelen i det fjerne da vi stakk innom Matkroken i føremiddag – men det var nok frå fjensynet inne på butikken. Det var mange som stakk innom og fikk seg ei VM-pølse og VM-brus i dag – mest besøk på butikken var det no mellom høgdepunkta på fjernsynssendinga frå Oberstdorf der Johaug sikra seg nok eit VM-gull.
Det var Knut Halset og handelsmann Nordvik som sørga for at folk som stakk innom Matkrokens VM-stand vart trekterte med pølse og brus, og det var nok populært å få litt forfriskningar mellom slaga i Oberstdorf.