Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vipps og vinn på julekalenderen til SIL alpingruppa

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2019

Snart er det tid for å opne første luka på adventkalenderen. Neste søndag er første søndag i advent og 1. desember, og da trekkjer vi den første premien fortalte Markus og Isak som var på plass i kaffekroken.  Det var sal av adventskalendrar frå SIL alpingruppa som stod på agendaen, og dei gikk unna – 75 kr pr stk. og 3 for kr 150 – dei aller fleste vart nok frista til å kjøpe 3.  Og her kan du vinne i 2 gevinstar kvar dag – heilt til jul kunne dei berette. 

Det passa bra at kalendersalet starta første etter at det var mørkt, for dei to har nok «ståka» i alpinbakken både laurdag og søndag etter at anlegget vart opna på laurdag.  No er det berre å håpe at temperaturen held seg og at snøen varer utover til det kjem meir natursnø og fyller på i bakken, slik at heile anlegget snart kan opnast for publikum. Dei to som for øvrig også etter kvart fikk hjelp av tredjemann, Aron, tok også mot pant og hadde med seg ei sjølvutvikla pantautomat som du kan sjå nederst på biletet. Frå «pantautomaten» går inntekta til barn & ungdom i Surnadal Freeski

Litt info om Freeski-gruppas pantedugnad som arbeider slik:

Er du lei av å pante eller har du lyst til å bli kvitt panten på ein lettvint måte?  Vi i Surnadal Freeski ønsker å samle inn flasker og boksar med pant, – inntekta går til barn & ungdom i Surnadal Freeski
Slik tenkjer vi om pantedugnad:
– vi har ingen sponsorar enda, så vi er avhengig av pengar for å bruke på utstyr i bakken, arr., aktivitetar, for at våre freeski barn/ungdom få likt tilbake.  Folk må da gi beskjed/ sette ut på trappa, slik at vi berre kan plukke opp ein kveld vi køyrer rundt i Todalen.  Vi håpar så mange som muleg kan bidra og hjelpe oss med kjem alle som brukar alpinbakken til nytte.

 

Publisert: 24. november 2019, 17:29