Torsdag kveld var det høgtideleg opning av utstillinga «Vintersyn» i Finstua i Surnadal kulturhus. Denne gongen er det Orion Righard og Ingrid Forfang som er gjestutstillarar, og det kom bra med folk til opninga, som kunne by på eit musikalsk musikkinnslag som ein del av opningsseremonien. Kunstnarane presenterrte seg sjølve – Orion Righard via nettet, direkte i toveis kommunikasjon via Times og Ingrid Forfang som var til stades gjorde det sjølvsagt «live».
Orion Righard kjem frå Sverige, men har studert kunst mellom anna i Antwerpen, der han trefte Ingrid Forfang som er norsk, og kjem frå Bærum og Trøgstad. Dei treftes i Antwerpen og har no etablert seg i Spania, der dei lever av kunsten sin.
No har dei to felles utstilling under Vintersyn i Kulturhuset, der dei skal vil vise sin kunst i perioden 15. – 29. februar. Dei har elles stilt ut i fleire land, kvar for seg eller i lag på plassar som egnar seg for deira kunst. Vi anbefaler å ta ein tur innom Finstua for å sjå den flotte kunstutstillinga for februar ebbar ut på sjølvaste skottårsdagen.