Torsdag kveld opna Surnadal kunstforening utstillinga «Vintersyn», der Kristian Finborud frå Voss er gjest og utstillar. Alex Trio sørga for kulturelt innslag til opninga med Nordmørsminne i ein instrumental versjon. Det er faktisk 10 år sia sist Finborud var i Surnadal, og mange frammøtte til opninga tydar på at Finborud appelerer til mange med sin kunst som på mange måtar var inpirert av Vestlandsnaturen.
Kunstformen som Finborud arbeider med er grafisk trykk, der han oftast brukar 2 plater og 8-9 farger for å uttrykke sin kunst. Vi anbefaler å ta turen til Finstua på Kulturhuset, for utstillinga er absolutt verdt eit besøk. Tilsaman er det 69 kunstverk som heng i utstillinga, og det er prisar frå 950 og oppover til 13.400 alt etter størrelse og smak og behag. Utstillinga blir hengande i Finstua til og med torsdag 2. mars. Meir om kunstnaren Kristian Finborud, kan du lese her: finborudgalleri.no