Laurdag inviterer Surnadal kunstforening til opning av utstillinga «Vintersyn» i Finstua i kulturhuset. Det er i år kunstnaren Jacoba Maria «Coby» Omvlee er årets utstillar og som opnar laurdag 20. februar kl 13. men det skjer også meir i Finstua denne dagen, for Surnadal kunstforening fyller nemleg 40 år, og dermed er det no klart for å presentere jubileumsskriftet som Eivind Hasle har ført i pennen – eit flott innbunne hefte med 60 sider historie om lagets aktivitetar gjennom 40 år.
Coby Omvlee kjem opprinneleg frå Nederland, men er no busett i Trondheim, men har tilkyting til bygda gjennom fritidsbustad i Stangvika. Coby er både skodespelar, , dramtiker, dukkemakar, scenograf og billedkunstnar som jobbar med både olje og akryl på både tre og lerret, og ho nyttar mange slags teknikkar på sin varierte kunst av mange slag. På opningsdagen bys det også på musikkalske innslag – Oluf Dimitri Røe på fiolin og Jaap den Hertog med sin lirekasse. Utstillinga blir ståande i perioden 20. februar (opning kl 13) til og med 7. mars 2021.
Jubileumsskriftet har vorte eit flott lita bok på 60 sider. Her tykkjer vi Eivind Hasle har lykkast godt med å formidle kunstforeningas historie gjennom dei første 40 åra. Hasle fortel at den siste halvåret har saumfart lagets arkiv og funne mykje å skrive om og får på den måten formidla kunstforeningas historie på ein bra måte – eit arbeid han har kosa seg med og sett stor pris på at han fikk dette oppdraget. Skriftet er rikt illustreert og for den som har levd ei stund er det artig å bla gjennom og sjå kva som har skjedd gjennom denne perioden og faktisk oppleve eit gjensyn.
Jubileumsskriftet vil som sagt bli presentert på kunstutstillinga i Finstua og her kan du kjøpe heftet for ein hundrelapp – vel anvente pengar!
Arrangementet vil elles følgje dei smitteverntiltaka som rår, med registrering av alle besøkande og vil begrense talet som kan opphalde seg i lokala samtidig.