Førstkommande laurdag kl 13 åpnar Surnadal kunstforening si kunstutstilling Vintersyn 2019 i Galleri Finstuå på Surnadal Kulturhus. Her vil Surnadal Kunstforening vil presentere foto ved Marion Otterlei og Olav Karlstad. Alle bileta i utstillinga vart tekne under førebuingane av «Casolith, knapp, prat og leik», Surnadal Kunstforening sitt bidrag i det nasjonale prosjektet NåDa.
Med utgangspunkt i surnadalsdialekta, ein nedlagt knappefabrikk og leikar frå gamle dagar arbeidde lokale ungdommar i lag med performance-kunstnaren Karianne Stensland fram mot ei visning på Surnadal bygdemuseum hausten 2018.
No vil kunstforeninga visa fram det fotografane våre fanga med fotoapparata sine. Utstillinga kan besøkast fram til 17. mars.
Sjå plakaten her: plakat, vintersyn