Det var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag. Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren. Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset. Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas.
Samanfall av vinterferie, påskevêr og få andre aktivitetar er nok grunnen til at det var så mange i bakken trudde Magnar Heggset og Jon Ingebrigt Gjerstad som deltok i drifta saman med andre vakter i alpinanlegget. Det var nemleg mange vakter som passa på at både sikkerheit og smittefare i bakken – viktig å halde avstad både i bakken, heiskøen og ikkje minst i varmestua.
Til tross for at det vart ein del ventig i heiskøen, så tok folk det med godt humør og kosa seg i det fine vêret. – Spesielt artig er det at det er så mange smårollingar som er i bakken og som har vorte dyktige til å renne på ski. Ser faktisk ut for at den koronatida vi er midt oppi er positiv for rekrutteringa til alpinsentret.
Denne veka er apinsetret ope kvar dag – heile veka og same opningstid 11.00 – 16.00 kvar dag fram til søndag 28.februar. Surnadal Alpinsentret er altså dagope i samband med vinterferien forå gje eit best muleg tilbod.
Freeski-gruppa og alpingruppa hadde trening i bakken i dag og vi fikk en liten smakebit på det dei driv med – og vi let oss jammen imponere. Same korlelis dei kom gjennom lufta så tok dei ned på fotane og stod fjellstøtt – ta ei kikk på galleriet. Alle foto: Jon Olav Ørsal