Todalen idrettslag held løypene opne fra Innerdalsmerket til Skihytta via Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Løypene er kjøres opp med snøskuter, og Arnt Ivar Brøndbo rapporterer kjempefint skiføre i høgda. Frå Jon Bruset har vi fått nokre flotte bilde frå tysdagens skitur i området, og han skriv i ein e-post til Todalen.no at det er ingen grunn til å sitte heime når det er så fint i vêr og føre i fjellet.
![Vinterferie 006](http://todalen.no/wp-content/uploads/2013/02/Vinterferie-006-430x296.jpg)
Dermed kan vi berre anbefale alle som har høve til å finne fram vinterutstyret, og ta skiene fatt. Så kan du tilpasse turen etter forma og hugse på å ta med nok klær og mat når du drar i veg. God tur!
![Vinterferie 005](http://todalen.no/wp-content/uploads/2013/02/Vinterferie-005-430x275.jpg)
![Vinterferie 001](http://todalen.no/wp-content/uploads/2013/02/Vinterferie-001-425x300.jpg)