Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinterens første «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. desember 2021

Måndag kveld var det klart for vinterens første «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste så vidt nokre blå grader, og forholda for skigåing var gode i godt preparerte løyper. Det er mange år sidan «Barn i løypa» sosongen har kunne starte så tidleg som dette, så er ein like heldig som i fjor, med resten av sesongen, så blir det mange «Banr i løypa» å sjå fram til, både for små og store. 

Fine forhold under kveldens «Barn i løypa». Foto: J S Ansnes

Oppmøtet var ganske bra, og alle storkosa seg med både skigåing og litt aking. Ola Dalsegg instruerte dei frammøtte i forskjellege teknikkar, noko Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag tek sikte på å få til under alle «Barn i løypa» denne sesongen. 

Litt kos rundt peisen hører med. Foto: J S Ansnes

På grunn av dei gjeldande smitteverntiltaka var det ikkje servering av drikke, dette måtte kvar enkelt ha med seg sjølv.

Bra oppmøte på kveldens «Barn i løypa». Foto: J S Ansnes

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 13. desember 2021, 20:06