Da har juryen og primus motorar for årets vellykkede påskekrim Guro Redalen og Mari Brusethaug Redalen, hatt ein grundig gjennomgang av alle innkomne forslag til løysning på mysteriet om «Kronhjort i måneskinn». 38 personar tok utfordringa og sendte inn forslag til løysing, men kun 5 stykk klarte å gjette at det var årets biletevinnar 2011, 2013 og 2014 som var den utspekulerte kunsttjuven.
Overraskande mange tippa det var mann med skjegg som var skuldig, og ellers fekk nok både Handelsmann Nordvik og Overredaktør Ørsal mistankane retta mot seg i stor grad. Handelsmannen naturlegvis for å auke omsetninga på Hals, Overrdaktøren for å auke sjåartala her på todalen.no.
Redaksjonen ønsker å takke Guro Redalen nok ein gong for bidraget til det som vart ein liten snakkis både på påskefjellet og bua/Hals/Matkroken. Vi ser gjerne fram til nye bidrag frå deg til neste påske, om du ikkje overraskar oss før den tid!
Og vinnarane vart….
«Søkkje belle potetbrød». Så fiksa han på kameraet slik at det ikkje peika på loddselgaren. Akkurat då dei skifta selgarar, snudde han hjortbilde om til ein salsplakat. Det var ikkje: meterolog Bruset, han likar betre bilder av den fyrste linjekonvalen, ordførar Nyheim; lika betre det andre bilde av stranda, og ville be kunstnaren få med raset! Pubeigar Halle satsar meir på det maritime. Overredaktøren ville heller hatt eit motiv frå Lauvåfjellet, Spanjolen ville heller hatt eit bilde av Dali og det var han som var den ukjende mannen. Ungdomslagsbestyraren er nøgd med hjortbilde som alt heng oppi stuå og er ute etter fredelege kappsteg! Sanitetsloddselgaren var lengje mistenkt for å ynskja å skapa blest om bilde og ynskje om å få opp loddsalet med omtale i avisa saman med ordføraren , men er frikjent. Så attom plakaten » Søkkje belle potetbrød» er det forsvunne bildet! No fekk Nordvik omtale om godt sal i påska på NRK Møre og Romsdal, men ein skal ikkje sjå bort i frå at påskekrimmen og har gjort sitt!
Og medan ingen såg det, nappa han ned biletet, og stakk det under jakka.Men korleis smugle det ut når tjuveriet vart oppdaga? Jo, posttjuven kjøpte den største Norgespakka av handelsmann Nordvik, stappa heile jakka (det var vår og varmt i lufta), med bilete inni, og sendte pakka ut av landet, dvs til Surnadal, der han kunne hente det om ei vekes tid eller tia det tek no til dags når posten blir sendt landet rundt for å bli sortert.Men posttjuven er jo ingen identitet, berre eit kallenamn. Kven er han, eigentleg? Her må vi over 20 år tilbake i tid, og vi skal Norge rundt. Det skjedde nemleg det året, at Oddgeir Bruaset kom til bygda. Dette var lenge før han drog dit ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han hadde nemleg fått oppdraget å dramatisere ein sekvens frå Vangsgutane til sjølvaste julespesialen av Norge rundt. Og der vart han avslørt, den gongen barten var meir gull- enn sølvfarga og snurren på barten var meir spenstig enn i dag. Posttjuven var…Eg beklagar at eg angir han, men påska er jo ei slik Jesus- og Judas-tid, så de får ha meg unnskuld i at eg herved avslører at kunsttjuven er posttjuven, altså Tor Holten. Ber om at straffa blir snill, foreslår at ho blir å hengje biletet fint på plass igjen, og at 100 ekstra tvangskjøpte lodd i sanitetens kunstlotteri får halde! (Litt i tvil om kva Åse Toril meiner sjå linken: http://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/FSPO45003990/21-12-1990#t=10m49s)