Det er ikkje berre løse takplater i turstien. I den sterke vinden som har vore i ettermiddag og kveld så har det og vore eit par vindfall.

Vindfall i turstien no i ettermiddag. det lønner seg å utvise forsiktigheit til farevarselet er over i morgon. Foto Åse Redalen
Den som ferdes i Turstien no i kveld og til vinden løyer i morgon bør være litt forsiktig, da det kan kome fleire vindfall. Etter vêrmeldinga så er det farevarsel om at det kan være sterke vindkast i kveld og utpå føremiddagen måndag.