Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vind opp mot 30 m/sek – tuntre overende på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 4. februar 2024

Utover ettermiddagen var det skikkelege vindrosser som gikk oppover bygda – faktisk var målingane tett opp mot orkan i kasta.  Kristen Bruset har ein målestasjon som også måler vind, og laurdag ettermiddag var det målt 30 m/sek i Brusetnesset.  Det vart i meste laget for eit av dei store tuntrea på Todalshytta, og dermed bar det overende med det store treet.

Arve Evensen som er vert på Todalshytta er glad for at det ikkje var skader på bygningane, men det lyst nok ein ryddeaksjon til for å få vekk det store tuntreet som var liggande mellom parkeringsplassen og ishuset.  

Publisert: 4. februar 2024, 16:34