Kirsten Winge – biolog, villmarkskokk og kokebokforfattar kjem til Svinvika arboret søndag 24. mai kl 13.00. Ho held foredrag – med bilder – om mat vi finn i skogen, og tek for seg gode og kortreiste råstoff som vi haustar frå naturen. – Bær, sopp, vekster, vilt, fisk for å nevne noko.
Etter foredraget vil det bli høve til å prøve ut nokre av smakane – Kirsten lagar mat på bålpanna og du får sjansen til å kjøpe ein lunsjpakke.
Billettpris: 120,- vaksne/ 70,- barn – Inngangsbillett til hagen er inkludert i prisen! Vanleg opningstid – kl 11 til 16.