Surna Elveeierlag og fiskeutvalget i Surnadal Jeger og fiskeforening inviterer barn og ungdom til Villaksens dag i Skeishølen i Surna tirsdag 28. august kl 18.
Begge desse laga arbeider mykje med rekruttering i Surna og dette blir det siste av mange arrangementer i løpet av årets sesong. Her får deltakarane fiske fritt om dei vil, eller få instruksjon i fluefiske. Dei har både vestar, fluefiske- og slukfiskeutstyr til utlån, men ta gjerne med eget utstyr om du har, oppfordrar SJFF.
I tillegg til fiske og instruksjon blir det også ein villakssti med fine premiar kor ein kan teste fiskekunnskapane sine.