Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vil refundere telefonrekninga

Vil refundere telefonrekninga

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Siste ord er ikkje sagt enno i telefonsaka da både mobiltelefonar og fasttelefon i Todalen var ute av drift i 6 dagar i februar. Det var i tidsrommet 17. – 23. februar at heile bygda var utan telefondekning, da både fasttelefon og begge mobilnetta var ute av drift. Surnadal kommune tok omsider fatt i saka, og etablerte naudtelefonkontaktar for IP-telefoni og satellittsamband i bygda. Ordførar Mons Otnes seier til Todalen.no at han har følgt opp denne saka, og etter fleire rundar med forhandlingar har han fått til ei løysing med Telenor, der dei vil refundere heile telefonrekninga for 1. kvartal i år. Dette gjeld både Telenors fastnett og mobilnett, men omfattar ikkje dei som har Netcom abonnement.

Informasjonssjef Knut Sollid beklagar i ein samtale med Todalen.no at telefonnettet var ute av drift mesta ei heil uke, og håpar at todalingane blir nøgd med denne kompensasjonen. Han seier vidare at Telenor har sett i verk tiltak som skal hindre at dette skjer på nytt.

Sollid seier vidare at det er naudsynt at alle som krev refundert telefonrekninga for første kvartal skriver seg på ei liste som er lagt ut hos  Matkroken L. Hals så snart som muleg, og han presiserer at ordninga berre gjeld telefonabonnement som er registrert med postadresse 6645 Todalen.

Publisert: 1. april 2012, 06:00