Ålvundfjord grendalag arrangerte ”Farra Fjor’n” for første gong i fjor sommar. Dei samla da 110 personar med smått og stort, og dro til Stangvik på besøk. I år vil dei fortsatt halde seg innafor ”gamle Stangvik” og drar andre vegen til Todalen på besøk. Laurdag 12. juni er det klart for avgang i retning Todalen, der dei har aliert seg med bygdemobiliseringsprosjektet ”Godt mot, Todalen”.
Første stopp blir i Svinvika, der det blir høve til omvisning i Svinviks arboret eller ta ein guidet tur etter gammelvegen for dei som heller vil det. Sven Olav Svinvik skal være guide, og han vil nok mellom anna fortel om rodepålane som viser at ansvaret for vedlikehaldet av egen Svinvikkleiva var lagt til gardane Sesbøe og Åsprong.
I Todalen er det lagt inn besøk i Todalen Ungdomshus. Her vil Narve Talgø orientere om restaureringa av undomshuset som var gjort i høve jubileet til Todalen I.L. Vidare går turen til Todalsøra og Pakkhuset Pub, der Erling Halle og Synnøve Helland er vertskap. Her skal det serverast reker og forfriskningar, før turen går attenende.
På turen attende til Ålvundfjord vert todalingane invitert til å bli med på resten av arrangementet. Her blir det ein stopp på garden Hals, der det blir eit lokalhistorisk innslag. Vidare blir det stopp på Steinsvoll, på den gamle husmannsplassen som Kjell Ola Mossing har restaurert, før turen endar i Fossheim undomshus på Ålvundfossen. Her skal det serverast «kjøttståpp» som er ein lokal rett som er laga av saltkjøtt i kålrabiståppe, og som ”etter sigende” skal vera svert så velsmakande. Her skal det også vera husflidsutstilling og forskjellige underhalningsinnslag, før kvelden rundes av med offentleg dansefest med orkesteret Skrult.