Ola Kvendset fortel at det har «rømt» 5-6 ungdyr som han har på beite i Brusetgrenda, nærare bestemt på Elvagard. Dyra er lokalisert i Brusetbotnan, men tross fleire forsøk har det ikkje lykkast å fange dei inn igjen. Dei vart skikkeleg skremt at toreveret for nokre dagar sia, og treng nok litt tid for å roe seg ned igjen, seier Ola.
Da dei vart skremt av toreveret tok dei opp i skogen og har fulgt skogsvegen oppi botnan. No vil Ola prøve å fange dei inn ved å bruke ein forhekk som fungerer slik at dei blir frista av foret og så vil dei bli låst fast i forhekken. For å halde kontroll med forhekken vil han sette opp eit viltkamera som kan varsle når det kjem dyr dit.
Om du treffer på dyr i forhekken så må dei ikkje sleppast laus, men du kan heller varsle Ola, slik at han kan hente dem – det gjer du på mobiltelefon 986 32 492. Ungdyra det dreier seg om er 5 svarte og ei som er brun og mest kvit.