Todalen Idrettslag har lange tradisjonar med å arrangere fest med revy i romjula. På grunn av koronaen er det no nokre år sidan siste gong det var fest med revy, men i romjula i år ønsker idrettslaget å prøve på att med revy, men da trengst det folk til å vere med!
For å få til ein revy treng idrettslaget difor folk til å vere med på å skrive revyen, og ikkje minst folk for å vere med på å framføre den på scena. Så har du lyst til å bidra, må du ta kontakt med Svein Håvard Brøndbo på telefon 986 50 334 snarast, og seinast søndag 16. oktober.
Idrettslaget håper mange har lyst til å bidra til dette, slik at det blir tredjedagsfest med revy også denne romjula.