Dersom du vil prøve deg på militært skiskyttarmerke, så har du no sjansen. Laurdag 28. januar er det merkeprøve på Toreseter i Bæverdalen. Det er to klassar – med militær uniform og militære ski, og med sivile klede og ski. Merkeprøven skjer i regi av Indre Nordmøre Forsvarsforening.
Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer prøve til skiskyttarmerket etter militært program 28. januar 2016 kl. 13.00. Merkeprøven foregår på Toreseter, og det er påmelding ved start. Programmet er 10 km langrenn med 10 skott liggjande på 100 meter avstand. Forutan aldersklassar blir prøven gjennomført i to klassar: Dei som nyttar seg av militær uniform og militære ski, og dei som nyttar seg av sivile klede og ski. Våpen er AG-3 eller Kongsberg mauser.