Surnadal Pensjonistlag har i 14 år hatt ein aktiv Stavganggruppe, og den går framleis! Men frå fleire hald har det kome tankar om ei ny gruppe, for yngre og spreke eldre pensjonistar. Vi tri underteikna har tenkt litt på dette, og trur det er ganske mange som vil vera med og gå tur saman med andre, men kanskje litt lengre og brattare enn det Stavganggruppa tilbyr. Derfor inviterer vi til gratis prøvetur!
Vi møtes på parkeringsplassen ved Øye kyrkje tirsdag 9. juni kl 1100 og så fylgjer vi vegen opp Øyagardslia til Damvatnet. Der et vi nistematen vår samstundes som vi drøftar opplegget framover. Vel møtt – vi trur det kan bli ein triveleg dag!
Tor Asle Ranes Brage Einum Kristian Ranes