Etter at Todalen Idrettslag, for ei stund sia, montert elektronisk dørlås på Hett & Svett, har døra ved eit par høve vore slått så hardt att at batteria på innsida av døra har sprotte ut. Når dette skjer er det ingen som kjem seg inn for å få trena, før batteria er på plass att.
For å få sett på plass batteria att, må dei med systemnøklar kontaktast, slik at dei kan komme å sette inn batteria att. Det er difor viktig at døra blir lukka på vanleg måte, utan å slå den att!
Todalen Idrettslag håper med dette at alle som brukar Hett & Svett legg seg dette på minnet, slik at alle får tilgang til treningstilbodet når dei sjølv ønsker det, og ikkje må vente på at dette blir fiksa att.
Skulle det vere behov for hjelp for å komme seg inn, eller om det er andre ting som ikkje fungerer, så ta kontakt med ein av dei tre kontaktpersonane som står på oppslaget ved døra på Hett & Svett.