I går var dei to lokale listekandidatane for Arbeiderpartiet til kommunevalet, Odd Arild Sande og Bjørn Gunnar Ansnes, på Matkroken Todalen, der Terje Nordvik orienterte dei om moglegheita for å kunne bygge leiligheiter oppe på butikktaket. Dei to listekandidatane brenn for å lagt til rette for boligbygging i alle bygdene i kommunen. – Attraktive boligar er, saman med arbeidsplassar, dei viktigaste faktorane for å få folk til å flytte «heimatt» eller flytte til kommunen vår, seier dei to.
– Det er viktig at kommunen er ein aktiv aktør for å legge forholda til rette for boligbygging i alle bygdene i kommunen, seier Odd Arild. – Med «eldrebølga» som kjem no, er det mange som vil selje husa sine og heller flytte til ei lettstelt leiligheit på eitt plan, men framleis bu i bygda der dei har budd heile eller store deler av livet, og da er det viktig at kommunen er aktivt med og legg til rette for dette, legg han til.
– Det er også behov for gjennomgangsbustadar i bygdene, slik at dei som ønsker å å bli buande i bygdene eller flytte dit har ein stad å bu medan dei bygger eigne hus eller finn noko å kjøpe, seier Bjørn Gunnar. – Vi seier ikkje at kommunen nødvendigvis skal stå som utbyggar, men at kommunen må vere aktivt med i planleggingsprosessen, og da spesielt i forhold til opparbeiding av tomter og infrastruktur, held han fram. Kommunen må også vere ein aktiv støttespelar opp mot Husbanken og deira mange støtteordningar, legg han til.
Dei to listekandidatane fekk i går ei orientering av Terje Nordvik om moglegheita for å bygge leiligheiter oppe på butikktaket. – Da butikken vart bygd i 1983/84 vart taket dimensjonert slik at det seinare kunne byggast på to etasjar med leiligheiter her, seier Terje. – Men det trengst nokon som vil stå for bygging og drift av eit slikt psosjekt , fortsett han. – Det har vore fleire interessentar, som har teke kontakt og meldt si interesse for å busette seg her, kan han fortelje.
Det er mogleg å bygge 4 – 5 leiligheiter oppe på butikktaket, dersom ein bygger på to etasjar. Grunnplata der taket er dimensjonert for ei slik utbygging er på 11 x 22 meter. Eventuell bygging av leiligheiter på butikktaket vil krevje litt meir plass rundt butikken, slik at ein kan køyre rundt butikken, og få areal til garasjar. Det må også byggast heis, slik at leiligheitene blir meir tilgjengelege.
– Dette har vore eit utmerka prosjekt å få realisert, både med tanke på eldre som vil ha ein betre tilpassa, lettstelt og mindre bustad på sine eldre dagar, og for yngre som treng ein bustad for ein kortare periode, seier Odd Arild.
– Eg trur utflytta bøfjordingar, bæverfjordingar, bøverdalingar, østbødalingar, stangvikgjellingar, kvennalenningar, øver surnadalingar, nordvikgardingar og todalingar, som vurderer å flytte «heimatt» helst vil bu der dei vaks opp, dersom det er bustader eller tomter der, seier Bjørn Gunnar. – Dette gjeld også for dei som er i etableringsfasen og allereie bur her, legg han til.
– Det er uansett viktig at kommunen, så snart som mogleg, tek ei spørjeundersøking blant dei over 60 år, for å få kartlagt korleis og kvar desse vil bu når dei blir eldre, seier dei to listekandidatane. – Først da har kommunen eit faktagrunnlag for å ta dei strategiske vala for framtidige prioriteringar av utbyggingsområder og kva bustadtypar det er behov for i bygdene , avsluttar dei to.