Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig kamp på Vangen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mars 2015

Måndag kveld var alvor på Vangen, da kampen FA-cupkampen mellom Manchester United og Arsenal gikk av stabelen på Old Trafford. Det var  74.285 tilskuarar på Old trafford og 8 på vangen, inkludert vår utsendte.  Det var 3 Manchester United- og 3 Arsenal-supportere «på banen, samt Siri P. og underteikna i sivilt antrekk.  Høgdepunktet var nok dei tre scoringane, samt servering av ein utsøkt pizza.

Kamp_Vangen_5353

Frå venstre mot høgre: Edvart, Kristoffer, Terje N, Håvard, Siri P., Lars og Knut. Foto: Jon Olav Ørsal

Begge laga hadde raude drakter, så det var litt vanskeleg å vite kva lag dei høyrde til i starten, men når vi fekk første scoring vart den saken korrigert. Og Lars, verten, stillte sjølvsagt i blå og svart «bortedrakt», for dettte var jo bortekamp for Arsenal. Det var forresten god stemning i begge leirane under kampen og triveleg å samlast for å få med seg slike høgdepunkt. Det kom mange gode ekspertuttalelsar under kampen frå heltar som hadde god greie på korleis saker og ting skulle vore gjort på Old Trafford. Det skulle da berre mangle!

Mål_Vangen_5359

Yeah! så vart det 1-2 og dermed var nok seieren sikra for Arsenal. Foto: Jon Olav Ørsal

På slutten av kampen vart det litt temperatur i kampen, og det var til tider uroleg i reclaineren til Lars – for han hadde sjølvsagt sikra seg godstolen til ein slik viktig kamp! Men etter 5 minutters tilleggstid var seieren sikra, med 1-2 til bortelaget Arsenal. Og da vi tok på heimveg etter kampen, så vaia Arsenalflagget fint i vinden utafor inngangen på Vangen!

ArsenalFlagg_5364

…. og Arsenalflagget vaia flott i vinden utafor Vangen etter kampen! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. mars 2015, 06:00