Viktig informasjon om trefelling nær høgspentliner
«Sikker trefelling nær høyspentlinjer – vi hjelper deg, heiter det i pressemeldinga frå Svorka no på tidleg ettermiddag. Hauseten og vinteren er høgsesong for trefelling, og mange kan oppleve at tre står i nærleiken av høgspentliner. Svorka oppfordrar difor folk til å ta kontakt ded dei, når dei skal felle tre i nærleiken av høgspentlinene.
Har ein tre som står i nærleiken av høgspentliner, minner Svorka om at dei kan hjelpe til med å få felt tre på ein trygg måte, fortel Kjetil Halle, dagleg leiar i S-Nett nettselskapet i Svorka.
– Å felle trær nær høyspentlinjer uten riktig kompetanse kan være farlig, både for deg selv og for strømforsyningen – og kan føre til alvorlige konsekvenser for både liv og helse, seier Halle. – Profesjonell hjelp sikrer trygg håndtering og reduserer risikoen for skader, legg han til.
Strenge krav til trefelling nær høgspentliner
Kjetil Halle understrekar at dei som driv med tqqrefelling nær høgspentliner må ha spesifikk og godkjent opplæring og sertifiseringar for dette. Dette inkluderer både sikkerheitskurs og risikovurdering, noko som er naudsynt for å beskytte både arbeidarane og straumnettet. Svorka har slikt kvalifisert personell, og dei er klare for å hjelpe til med å felle tre nær høgspentliner på ein trygg måte, om nokon har behov for det.
Unngå store kostnadar ved uhell – kontakt Svorka før ein begynner
For å unngå fare og skade på straumnettet er det viktig at ein ber om hjelp dersom ein er usikker. Dersom eit uhell skulle oppstå, kan ein bli økonomisk ansvarlig for skader som blir påført straumlinene. Ved å kontakte Svorka på forehand, sørger ei for ei trygg og effektiv gjennomføring av trefellinga, slik at både sikkerheita og straumforsyninga blir i vareteken. Ein rask telefonsamtale kan slik spare ein for både risiko og potensielle kostnadar!
Aasmund Longva Kvendset og Petter Eidsli oppfordrer alle til å heller ta en telefon for myke enn ein for lite – sikkerheita kjem alltid først, seier dei to!