Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig informasjon om Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. juli 2024

Onsdag 3. juli frå klokka 11:00 skal det monterast ny dørlås på Hett & Svett. Dette inneber at Hett & Svett vil vere strengt frå klokka 11:00 og til klokka 17:00 på ettermiddagen. Frå same tidspunkt vil dei gamle kodebrikkane slutte å virke, så vil ein ha ny dørlåsbrikke som verkar, må ein møte opp på Hett & Svett onsdag ettermiddag klokka 17:00 – 19:00! 

Da vil nemleg folk frå idrettslaget vere på Hett & Svett for å dele ut nye dørlåsbrikkar til dørlåsen, og vise fram den nye appen som kan brukast på smarttelefon i staden for dørlåsbrikken. Ola Talgø vil i same periode vere på Hett & Svett for å vise  fram øvingar ein kan bruke når ein trenar. 

Alle som vil ha dørbrikke eller tilgang til appen for å kome seg inn på Hett & Svett må møte opp framfor Hett & Svett onsdag 3. juli klokka 17:00 – 19:00!

Publisert: 2. juli 2024, 07:21