Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig informasjon frå Todalen Idrettslag!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 3. februar 2025

Todalen Idrettslag førebur akkurat no utsendinga av faktura for medlemskontingenten i idrettslaget for 2025. I samband med dette oppfordrar idrettslaget dei som ikkje er medlem, men som ønsker å bli dette om å melde seg inn så raskt som mogleg.

Dersom ein ønsker å melde seg inn, tek ein kontakt med Elinor på telefon 901 96 268 og e-post elinor.bolme@gmail.com eller Endre Talgø på telefon 926 89 326 og e-post endre.talgo@outlook.com så hjelper dei til med registreringa.

Medlemkontingenten er ei viktig inntektskjelde for idrettslaget

Medlemskontingenten er ei viktig inntektskjelde for å drifte idrettslaget sine aktivitetar og anlegg. I tillegg til inntekta frå sjølve medlemskontingenten, så er medlemstalet avgjerande for kor mykje idrettslaget får i offentlege tilskott frå Norges Idrettsforbund og kommunen. Todalen Idrettslag har i dag rundt 300 medlemmer. – Dei fleste som bor i Todalen er medlemmer i idrettslaget, forutan at også mange utflytta todalingar er medlemmer, noko vi er veldig glade for, seier leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. Alle medlemmane våre er like viktige og vi sett pris på kvar og ein, legg ho til. Men ho legg ikkje skjul på at ho til dømes kunne ha tenkt seg fleire medlemmer under 7 år, for i den aldersgruppa har idrettslaget per i dag ingen medlemmer.

Aktivitetsdag på Bordholmen hausten 2023. Foto: B G Ansnes

Aktivitetsdag på Bordholmen stadion hausten 2023. Foto: B G Ansnes

Ein får mykje for kontingenten

Ved å vere medlem i idrettslaget, som for 2025 kostar 200 kroner per medlem, får ein bruke alle idrettslaget sine anlegg heilt gratis. Dette gjeld også Hett & Svett. Vil ein ha nøkkelkort eller tilgang via app her, må ein vere betalande medlem i idrettslaget. For å få tilgang på Hett & Svett tek ein kontakt med Elinor.   

Oppdatert kontaktinformasjon og samlefaktura

Idrettslaget oppfordrar alle som er medlemmer om å logge seg på minidrett.no og oppdatere opplysningane som ligg inne på kvar enkelt, og da spesielt e-postadressa! Dersom nokon ønsker å få samlefaktura for fleire medlemmar som til dømes ein heil familie, så tek ein kontakt med  Elinor eller Endre, så fikar dei det!       

Idrettslaget håper folk går inn og oppdaterer kontaktinformasjonen! 

Aktivitet på skeiseisen. Foto: B G Ansnes

                                                                                                                                                                                     

Publisert: 3. februar 2025, 20:48