Vi spekuulerte litt på kva som foregikk når Mesta troppa opp med gravemaskin og gule blinklys ved avkjøringa til Bekkerhagan og Lauvåskogan. Men det var ikkje meir mystisk enn at dei monterte fundament til nye skilt som skal opp attmed vegen.
Det er Åge Vingsnes og Lars Arne Bøe frå entreprenøren Mesta som hadde fått jobben med å grave ned og monterte fundament til dei nye skilta som skal opp. Fylkesvegen rundt bygda blir nemleg forkjørsveg, og dermed må det monteres skilt med «vikeplikt for forkjørsveg» ved alle sidevegar rundt bygda. Det har vel meir eller mindre vore praktisert før og kanskje, men no er det iallfall ikkje nokon tvil – no må du vike for trafikken etter fylkesvegen rundt bygda.
No skal dei to montere alle fundamenta, og så blir neste trinn i prosessen å montere vikepliktskilta, og det prosjektet vil vel bli fullført i løpet av sommaren forsto vi.