På regjeringas pressekonferanse i dag vart vi informert om at dei vidarefører dei fleste tiltaka for å begrense smittefarenn. Men det blir gjort enkelte endringar for å lette på enkelte tiltak – mellom anna blir det atter høve til å ta i mot besøk heime med inntil 5 personar dersom du har plass. Men 1-metersregelen gjeld framleis!
Ungdomsskulen og vidaregåande skular blir justert frå rødt til gult nivå, men framleis pålegg om rødt nivå i kommunar der det er beghov for det. Og så blir det opna for at barn og unge kan ta del i fritidsaktivitetar. Skjenkeforbudet blir imidlertid ståande, sjølv om det har kome sterke protestar frå næringa. Regjeringas tiltak er nasjonale krav – i kommunar der det er naudsynt kan det settast strengare krav lokalt.