Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vidarefører MAX-stipendet og opnar opp for søknadar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. desember 2024

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank vidarefører MAX-stipendet på kroner 50 000 for inntil fem personer i alderen 15 – 25 år. MAX-stipendet skal gjere det mogleg for unge talent å «MAXe» ut sitt potensiale, uansett om dette er innan kultur, idrett, kunst eller utdanning. Stipendet vart første gong delt ut i 2024.

-Vi fikk svært mange gode søknader fra lokale talent i alle kategorier i fjor, og håper på at
det samme skjer i denne tildelingsrunden, seier dagleg leiar Karina Wigum i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank.

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank ønsker å fremje lokale talenter innan kultur,
idrett, kunst eller utdanning. Stipendet skal stimulere til at lokale unge menneske får
økonomisk støtte til å utvikle sitt talent.

Mottakere skal vere gode forbilder for ungdom i Surnadal, og stipendet sitt formål er å
skape engasjement og merksemd for ungdommane, lokalsamfunnet, SpareBank 1
Nordmøre og stiftelsen.

Stiftelsen har som eit av sine fremste formål å ta vare på sparebanktradisjonene etter
Surnadal Sparebank, ved å støtte gode tiltak, spennende idéer og visjonære prosjekt.

For å kunne søke på MAX-stipendet må ein vere mellom 15 – 25 år, ha tilknytning til Surnadal eller gamle
Halsa kommune (Betna, Halsanaustan, Vågland) og ha oppnådd resultater eller ha
kvalifikasjonar innan eit talent i nasjonal eller internasjonal målestokk. Ein kan bruke
stipendet til å dekke kostnadar til videre utdanning, kostnadsdekning når ein skal utøve
talentet sitt, til utstyr, reiser, instrument, o.l.

Talentstipendet er ei personlig gåve, og berre enkeltpersonar kan søke om
stipend. Ein må gjerne motta støtte og sponsing frå andre organisasjonar.

Ein innstillingskomité, som består av representanter frå styret og generalforsamlinga i
Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, samt ein representant frå SpareBank 1
Nordmøre vil gjennomgå alle søknadane.

Det er styret i stiftelsen som vil ta den endelige avgjerda om kven som får tildelt
talentstipend, og avgjerda vil bli teken i løpet av februar.

I år som i fjor vil Stiftelsen invitere alle vinnerne til eit felles arrangement i løpet av mars. 

-Jeg håper stipendet kan være med å bidra til at lokale talenter med nasjonale og
internasjonale ambisjoner kan få mulighet til å oppfylle sine drømmer, og oppfordrer unge talent til å søke, seier Wigum. 

Søknadsskjema finn ein på sparebankstiftelsensurnadal.noog søknadsfristen er 20. januar 2025. 

Tidelgare vinnarar er: Olav Fugelsøy (langrenn), Sigve Holten (friidrett), Elise Hamnes Høivik (utdanning/ gründerskap), Marius Kvande (golf) og Øyvind Glåmen (musikk). 

Publisert: 20. desember 2024, 18:41